Eg har gjort så godt eg kan med å vurdere kvalitet på tvers av dei ulike
uttrykksformene. Bilder, lydbilder som ordbilder.
Snella sine fotografi var dei bildene som
gjorde mest inntrykk. Bilder som ikkje forsvann når eg lukka mac-en, eller
etter nattesøvnen, men som spann vidare, og som gav mange tankar om
relasjonar, roller, nærleik og tid. Eg er imponert over kvaliteten i arbeida
til ein fotograf av såpass ung alder. Dette er modent!

Mors blikk får eg ikkje
ut av hodet. Bildet har ei varm og sommarlig ladning, mellom mor og dotter.
Kontakten er var og vakker, samtidig som det ligg meir kompliserte undertonar
i bildet. Bildet seier meir enn tusen ord, om temaet mor-dotter-relasjon, som
er eit evigvarande interessant tema. Dette fordi vi alle er individ og vil gå
opp vår eigen veg, samtidig som morsfiguren er svært førande og trygg å gå
etter. Men også stagnerande.
Poesien er svært tilstades i Snellas bilder. Dei er spesielt nærverande, ja,
nesten nakne. Det verkar som ho går til motivet sitt utan fordommar, og at ho
har eit genuint blikk for det vakre. Ho minner oss blant anna om at ei eldre
kvinnes hud er vakker, i verket Mormor.
I Pappa finn eg også ein humoristisk
verdi hos fotografen, der pappaen er svært anonym mot det dominerande
måneskinnet. Og eg kjøper det, nettopp fordi det er frekt komponert. Ein ser
ting i større kraft når det er noko som forstyrrer, det er mi oppfatning. Og
denne mannsfiguren er ein ikkje-opphøga person i utkanten av bildet, ein
pappa, verken meir eller mindre. Uanstrengt utført, og godt å sjå på.
Konsentrasjon er også eit godt bilde.
Tilskodaren blir ein nysgjerrig, men velkomen spion. Kva dreier
konsentrasjonen seg om? Korleis er eigentleg relasjonen mellom mor og dotter i
“Mors blikk”? Og kva ligg i det blikket? Korleis kjennest huden ut, i
“Mormor”? Å vekke folk si nysgjerrigheit er noko av det viktigaste ein
biletskapar oppnår. Det bekrefter at han eller ho har rørt ved noko i
tilskodaren, som gjer at ein kjem tilbake og vil sjå meir. Og eg håpar
verkeleg at Stella Snella fortset med å gi oss visuelle gåter, stemningsfulle
situasjonar, poesi og eit innhald med denne pirrande friksjonen i. Eg håpar ho
held fram med å utvikle desse bildene som er så uanstrengte, inviterande, med
dette naturlige, nærverande og fordomsfrie snittet.
Bidrag av andre som hadde høg kvalitet: Get
me av Siv Øyunn Kjenstad,
Poophead av Sepoe,
Aurora av Alice Off og
Vinduet av Lela Ivanov. Det blir
spennande å følge med dykk i framtida!
Kari Stai, barnebokforfatter og illustratør