Månedens trafotalent i april 2026
Månedens Trafo-vinnar for mars 2026 gir lesaren eit slag i magen:
For å markere kvinnedagen, som var 8. mars, har Kaadinh Lalla skrive eit dikt, som beskriv
det som er realiteten for millionar av kvinner verda over.
«De som er lovet smerte: Kvinnene» er som eit slag i magen. Diktet er rått, viktig, vakkert og
sårt på ei og samme tid. Det tar opp ein tematikk som dessverre er brennaktuell i dagens
samfunn; kvinner sin fridom, retten til å vere seg sjølv og bestemme over eigen kropp.
Teksta har ein rytme og nerve som drar meg inn. Eg får ei sterk kjensle av at Lalla skriv utifrå
levd liv. At dette er noko ho har kjend på sin eigen kropp, noko som gjer diktet ekstra
kraftfullt.
Den uredde 19-åringen imponerer med sin sylskarpe penn og eg håpar at ho vil melde seg
på Høstutstillingen og Open Xpressions på Cafeteatret i Oslo med denne teksta.
Kanskje ho skal framføre diktet som opplesen slam-poesi?
Emily Louisa Millan Eide